Fly frå Noreg: 10. juli kl. 08.30 til Geneve kl. 11.05. Vi skal ta oss ut frå flyplassen og byen med buss til Pas de l'Echelle på austsida av byen. Her møter vi bilen med syklane. Så startar turen. Turen startar over Mont Saleve som ligg på sør-aust sida av Geneve. Vi syklar over fjellkammen med utsikt både over Geneve og mot alpetoppar i sør-aust. Etter å ha kome over fjellet går det sørover i småkupert terreng til Annecy og Alby Sur Cheran (litt sør for Annecy). Turen er vel 60 km med ca. 1200 hm. I Alby Sur Cheran skal vi overnatte 2 netter på same hotellet.
1. dag - 11. juli:
Frå hotellet er det nå 32 km til Anglefort. Der startar vår oppstigning til
Col du Grand Colombie
som er toppen og høgaste punktet på
10. etappe
av Tour de France 2012. Vi må vera på toppen i god tid før reklamekortesjen og ryttarane kjem. På ettermiddagen skal vi returnere til hotellet i Alby Sur Cheran. Dagens tur blir ca. 90 km med 1200 m stigning opp til Col du Grand Colombie.
2. dag - 12. juli: På dag 2 skal vi austover til Saint-Jean-de-Maurienne, ein tur på ca. 85 km gjennom eit naturskjønt område utan dei store bakkan. Vi kjem fram til Saint-Etienne-de-Cuines der
11. etappe
passerer tvers over dalen frå Col de la Madeleine (som vi skal over neste dag) på tur opp til Col de la Croix de Fer (der vi skal over 15. juli). Seinare på dagen er feltet nede i dalen att litt lenger oppe. I dette området er det ikkje ledige hotell så vi skal ned dalen og til Albertville for overnatting. Det blir til saman ca. 14-mil denne dagen, men lite stigning.
3. dag - 13. juli: Vi skal sykle ein del av traseen som 11. etappe følgde dagen før. Vi skal oppover i retning "Dei tre dalane", tek av mot sør og over
Col de la Madeleine
. Ned i dalen vi var dagen før, følgjer dalen oppover ca. 25 km til St Michel de Maurienne. Vi avsluttar dagen med ein klatretur opp (ca. 10 km) opp til Col du Telegraphe og kjem til Valloire. Turen blir 102 km og med 2900 hm.
4. dag - 14. juli (Frankrike sin nasjonaldag):
Vi skal vi høgt til fjells - Col du Galibier 2642 moh. Vi startar oppstigninga til Col du Galibier direkte frå hotellet i Valloire. 18 km med stigning opp til høgaste passet. Nå følgjer nær 4 mil med utfor til Le Freney d'Oisans. Herifrå går det på ein smal veg oppe i dalsida over til La Garde. Som avslutning på dagen skal vi opp til
Alpe d'Huez
. Dagens tur: 85 km og 2930 hm. Turen kan gjerast lettare ved kutte ut starten på stigninga, det kan startast direkte i La Garde, men vil du ha heile stigninga som er den KM OSK løypa 2012 må du ned til Le Bourg d'Oisans.
Fakta om stigninga opp til Alpe d'Huez:
- stigning: 1121 hm (start (Le Bourg d'Oisans): 717 moh og mål: 1861 moh.) over ca. 14,5 km
- gjennomsnitleg stigning 7,9 % (maks. 14 %)
- strekning
- rekord 37,35 min (Marco Pantani 1997)
5. dag - 15. juli: Vi startar dagen med ein "nedtur" frå Alpe d'Huez. Ca. halvvegs ned mot La Garde skal vi svinge vestover på ein smal veg som fører oss over og ned til dalen der vi startar oppstigninga til
Col de la Croix de Fer
. Frå passet er det fleire alternative vegar, eit går over
Col du Mollard
, medan enklaste vegen følgjer dalen ned til Saint Jean de Maurienne. Nå er vi nede i dalen vi som vi følgde oppover på dag 3 (13. juli) og avslutninga blir den same som den dagen. Turen blir ca. 100 km og 2800 hm. (Det er mykje folk i dette området dei dagane vi er der og vanskeleg å finne hotell for vår gruppe. Eit gode med hotella i Valloire og Alpe d'Huez er at dei ligg høgt til fjells og at det dermed ikkje vil bli så varmt natterstid om det er 2010 vêr i området.)
6. dag - 16. juli:
Vi startar dagen med å ta turen ned frå Valloire til dalen. Nede i Saint Michel de Maurienne startar dagens stigning og vi skal opp og over
Col de Iseran
. På dei fyrste 6-mila oppover dalen langsmed elva Arc er det jamn slag stigning bortsett frå ein brattare kneik mellom 50 og 55 km. Det stig ca. 1100 m på dei 60 km opp til Bonneval sur Arc. På dei neste 13 km stig det ca. 1000 m opp til 2764 moh (turens høgaste punkt). Avslutninga på dagen blir 15 km med nedover til Val d'Isere. Turen blir ca. 95 km med 2368 hm.
7. dag - 17. juli: Vi startar i Val d'Isere og skal nedover dalen til Ste Foy Tarentaise der vi svingar av og dreier austover mot
Col du pit St-Bernard
. Frå passet har vi utsyn mot Mont Blanc i nord. Etter at vi har passert Bernard går det nedover til Pre Saint Didier (I) før vi svingar opp mot Courmayer. Ein flott plass på sørsida av Mont Blanc.
8.dag - 18. juli: Frå Courmayeur (I)
i Aosta-dalen
med fantastisk utsikt oppover mot Monte Bianco skal vi nedover til Aosta 34 km. Så startar oppstigninga (den siste på turen) til
Grand Bernard
(34 km og 1880 m stigning). Nå er vi i Sveits og etter ein tur innom i klosteret er det den siste nedturen til Martigny (44 km).
19. juli: Tog frå Martigny kl. 07.51 til Geneve.
Avreise frå Geneve flyplass kl. 11.40
.