Dagsturane varierer vil variere både i lengde km pr. dag og i hm for dagen. Er du vanleg mosjonist og vant med sykling (med tanke på flate delar av turen bør du vera vant med å liggje på hjul) bør det ikkje vera noko problem. Tempoet bestemmer du i stor grad sjølv, men på flatene prøver vi å sykle mest mogleg samla. For som alle syklistar veit sparar ein energi ved å liggje bak. I bakkane vil det bli individuelt tempo. På toppen er det samling før vi kjører ned. Ingen skal bli liggjande aleine bak, det skal alltid vera nokon i følgje med den som er sist. Midt på dagen bli det ei lengre sosial pause med resturant besøk eller dugurd ute i det fri. Vi kjem fram til overnattingssatden på ettermiddag, og om kvelden er det felles middag på hotellet.
Det er felles avreise frå Gardermoen med fly til Geneve. Fyrste overnattinga blir ca. 6 mil sør for Geneve, så det blir sykkeltur allereie den dagen vi kjem ned. Neste dag skal vi opp til Col du Grand Colombier og få med oss Tour de France.. Siste dagen går turen frå Aosta-dalen i Italia over Grand Bernard og ned til Martigny i Sveits. Herfår blir det tog til Geneve.
Følgjebilen kjører frå Noreg med syklane og følgjer med rundt på turen.