Sykkelferie i Frankrike
10. – 19. juli 2012
Vilkår:
Prisen kr 12.200 inkluderer:
Flybillett Oslo – Geneve (Ch) tur/retur, togbillett Martigny - Geneve, 9 overnattingar på hotell med halvpensjon (middag og frukost), 8 lunsjar på resturant med drikke (vatn – Cola) eller dugurd ute i det fri med brød, pålegg og drikke, sportsdrikke og sportsbarar undervegs om dagen, leige av leigebil inkl. drivstoff og ekstra sjåfør.
Syklane (i sykkelveske) blir frakta i bil frå Noreg.
Ev. fly til og frå Gardermoen og sykkelfrakt om sykkelen ikkje kan vera med biltransporten kjem i tillegg.
Betaling: Kr 2500 ved påmelding (plass på turen er ikkje sikra før påmeldingssummen er betalt), resterande; kr 5000 innan 13. mai og kr 4700 innan 9. juni, totalt kr 12.200.
Ved avbestilling gjeld:
Før 3. mai (60 dagar før avreisedato): Innbetalt sum blir attendebetalt.
3. mai – 3. juni (60 til 30 dagar før avreisedato): 60 % av totalsummen blir attendebetalt.
3. juni - 25. juni (29 til 15 dagar før avreisedato): 30 % av totalsummen blir attendebetalt.
Etter 25. juni (14 før avreisedato til avreisedag): 100 % av totalsummen blir behalde av seljar.
(Ved sjukdom hjå ein sjølv eller i nær familie er det som oftast ein grei sak hjå seriøse forsikringsselskap å få attendebetalt for kjøpt reise.)
Vilkår er sett etter vilkåra arrangøren har med hotell og flyselskap.
Om du må avbestille og klarer å stille med reserve vil innbetalt sum bli refundert minus adm.gebyr på kr 300.
Du må ha eiga reisforsikring som dekkjer sykling i utlandet og heimtransport, Europeisk helsetrygdekort frå NAV (kan bestillast på
https://tjenester.nav.no/helsetrygdkort/forside.do
) og gyldig pass.
For påmelding, kontakt:
anders@postmo.no